Rekordpopulært BergensLAN

5. oktober 2013 16:49 av Sjur Vågen 

Billettane til årets ByLAN blei rivne vekk i rekordfart.

– Me forventa at det skulle gå fortare enn tidlegare år, men dette er heilt eksepsjonelt. Trykket på billettane var heilt uventa, seier Jakob Breivik Grimstveit, informasjonsansvarleg for ByLAN 2013.

Ekstremt

41 timar tok det før dei 880 billettane til landets nest største dataparty var rive vekk. Det er over to døger kjappare enn i fjor. Ifylgje arrangøren sat det heile 300 stykk på nettet og venta på at billettane skulle leggjast ut.

–      Pågangen var så stor at nettsidene våre fekk overbelastning. Dette viser at ByLAN er eit dataparty folk har lyst å vera med på.

Mørkt: Deltakarane likar seg best når lyset er av. Foto: Christer Olsen

Suksess

Dette er ikkje fyrste gong datatreffet som vert arrangert i haustferien, er utselt. ByLAN byrjar å verta eit stort namn, og Grimstveit trur det er fleire ting som gjer arrangementet så populært.
– Folk kjem til oss for å spela og ha det kjekt. Me køyrer ein kjent modell som me veit fungerer. I år kan me i tillegg freista med kvalifisering til verdsmeisterskapet i dataspel.

Vil til Vestlandshallen

Arrangementet har i ei årrekkje vorte arrangert i Racketsenteret på Bønes, men no har LANet retta augo mot Vestlandshallen i Åsane. Dette er ynskjeleg for både deltakarane og arrangørane, som då får mykje større plass å boltra seg på. Ifylgje Grimstveit er det likevel ei rekkje med problemstillingar ein må ta omsyn til før ein eventuelt byter beite.

– Vestlandshallen er dei fleste sin store draum. Det har kome fram i ei spørjeundersøking. Me har vore i dialog med dei i to år, men akkurat no er det for risikabelt. Om me dummar oss ut og går på ein økonomisk smell, kan det bety kroka på døra for oss.

– Skuffa

Sverre Fossåen (21) er blant dei som ikkje fekk tak i billettar. Han tar sjølvkritikk for å vera seint ute, men tykkjer det er dumt at LANet berre har plass til 880 datainteresserte.

– Eg er skuffa. Eg har aldri vore der før, men det verkar som eit utruleg kjekt arrangement. Det er på tide at ByLAN vert flytta til Vestlandshallen.

Alt håp er ikkje ute

Håpet er ikkje ute heilt enno for dei som vil på datapartyet. Arrangørane har ingen planar om å leggja ut fleire billettar for sal, men det finst ei ”kjøp og sal” spalte inne på forumet deira. Grimstveit påpeikar at ein må vera merksam på prisen.

– Ser me at folk legg ut billetten for å tena pengar på den, trekk me den attende. Det er noko me slår hardt ned på.

ByLAN

* Er det nest største datapartyet i Noreg

* Vert arrangert i Racketsenteret på Bønes

* Har vorte arrangert kvar haustferie sidan 2002

* Eit LAN (Local Area Network) er eit arrangement der ungdom samlast med datamaskiner for å spela ulike typar dataspel

Stengt for kommentarer.