Hardhuda gardsjente

10. juni 2009 10:39 av Mona Grønningen 

Oppveksten på gard med skit under neglene har herda huda til Liv Signe Navarsete (50). VG har plassert ho på lista over dei ti mektigaste personane i Noreg.Som politikar skapte ho i vinter mediestorm då ho la fram forslag til endring av blasfemiparagrafen. Ho uttalte at Senterpartiet hadde tvunge Arbeidarpartiet i kne, men måtte etterpå trekkja forslaget tilbake. Mange kalla det eit politisk mageplask for den ferske samferdselsministeren.

Men det skal meir til for å knekkja den hardhuda politikaren. Ho uttalte til pressa at ho kanskje vert oppfatta som ein politikar med skarpe meiningar. – Eg kallar ein spade for ein spade, sa ho.

Den idylliske heimbygda Sogndal stikk djupt i sjela til Liv Signe. I november i fjor blei ho tildelt målprisen Storeguten av Sogndal Mållag, ein pris til ein person som mållaget meiner har meistra dialektbruk på ein ekstra fin måte.

Ho vaks opp på garden til foreldra, og fann si eigen bonde som ho gifta seg med. I ein alder av 21 år var ho allereie gift og hadde to døtre. Å vera bondekone passa Liv Signe godt. Ho bakte, sylta, sydde og var i fjøsen.

Men ein dag vart alt snudd på hovudet. Då ho var 33 år gammal mista ho mannen sin som døydde av hjerteinfarkt. Då sat ho att med sine to døtre og ein stor gard som var for mykje for eitt menneske. Men fordi garden betydde så mykje både for ho og jentene, bestemte ho seg likevel for å halda på den. Det var mykje å setja seg inn i og tida var tøff, men ho fekk hjelp av gode venner og naboar. Ho meiner sjølv at ho kom gjennom sorga og tapet ved å snakka om det.

– For meg er det veldig viktig å kunna snakka. Sorga blir lettare å bæra då. Etterpå har eg tenkt mykje på kor viktig det er å leva i eit samfunn der folk bryr seg også når det skjer vonde og vanskelege ting, har ho uttalt i eit intervju med Hjemmet.

Liv Signe var fast bestemt på å ikkje la seg knekkja, og byrja på utdanning 35 år gammal. Ho blei cand. mag. i IKT, økonomi og administrasjon. Gjennom politikken møtte ho Lars Petter Nesse, varaordførar i nabobygda Lærdal. Dei trefte kvarandre på møter, likte å snakka saman, og hadde fleire fellestrekk. Begge var dei åleine med kvar sin gard og hadde barn frå tidlegare ekteskap. I 2000 vart dei sambuarar.

På skotårsafta i fjor fridde Liv Signe til Lars Petter, og fekk ja. Dei gifta seg i Sjømannskyrkja i London 17. mai. Dei bur i dag saman på garden til Lars Petter i Lærdal. Døtrene hennar har busett seg andre stader, Margunn (30) i Oslo, og Wenche (29) på Sotra. Wenche gav Liv Signe sitt første barnebarn Markus, og han er bestemors store glede og stoltheit.

Liv Signe har vore medlem av Senterpartiet hausten 1986, og vart leiar av partiet 12. september i fjor. VG har plassert Liv Signe Navarsete på ei liste over dei 10 mektigaste personane i Noreg, og lista måler ikkje berre formell makt, men også makt utøvd i 2008. Å vera synleg og ha gjennomslagskraft i det offentlege rom var viktige kriterium for lista.

Kanskje skulle ho ynskja at nokre av vala ho har teke til no i politikken ikkje vart fullt så synlege. Men som samferdselsminister og partileiar er det nettopp det handlar om fram mot valet; å skina i rampelyset.

Stengt for kommentarer.