Ein vond draum

8. desember 2011 23:07 av Ragnhild Myklemyr 

Anmeldelse av Dream House. Noregspremiere: 09.12.2011.

Daniel Craig spelar hovudrolla som Will Atenton i denne dramatiske thrilleren. Etter å ha sagt opp jobben som suksessrik forlagssjef, førebur han seg på rolege dagar saman med kona Libby (Rachel Weisz), og deira to døtrer. I eit tilsynelatande roleg bustadfelt i New England skal dei starte renoveringa av draumehuset. Den idylliske familien ser ut til å stortrivast i sin nye heim, men etterkvart dukkar det opp ukjende fakta om huset si fortid. Mord er begått, og rykta vil ha det til at gjerningsmannen framleis er på frifot. Will ynskjer å finne ut kva som verkeleg hende, men eit taust samfunn fører han ikkje nærare noko løysning. Dei einaste leietrådane får han frå deira mystiske nabo, Ann Peterson (Naomi Watts), som viser ei blanding av frykt og sympati.

Brikkene byrjar sakte men sikker å falle på plass, men ting blir stadig verre å innsjå for Will. Brått ser han sjølv ut til å vere involvert i denne vonde draumen av ei drapsgåte. Fanga i sine eigne illusjonar, byrjar sanninga å svi.

Overbevisande skodespel

Craig viser imponerande skodespel når han trer inn i karakteren sine fleire sider. Stemninga blir godt skildra når den går frå misunningsverdig fantastisk til utenkjeleg grufull. Ein blir lett dregen inn i historia, og overbevist av karaktergalleriet. Det er dessutan lite å usette på framdrifta, fortalt via kryptiske leietrådar og gjennom eigne resonnement.

Å gi seg på topp

I siste del av filmen tek likevel klisjeane overhand. Regissør Jim Sheridan prøver febrilsk å gi oss den lykkelege slutten mange lengtar etter. Det hadde kanskje vore like greit å gi seg medan leiken var god, eller i dette tilfellet: medan nokre ting framleis var overlate til fantasien. Istaden vert publikum informativt tvangsfôra med teskei, eit samansurium av ei oppklaring. Filmen kunne fått ei langt meir overbevisande avslutting dersom den berre slapp taket litt før. Dette er likevel ein thriller verd å få med seg, dersom ein likar det på amerikansk vis.

Originaltittel: Dream house

Regi: Jim Sheridan

Sjanger: Drama/ Thriller

Lengde: 1t 31 min

Kinopremiere: 09.12.2011

Stengt for kommentarer.