Januarsjuka

22. januar 2010 12:31 av Stine R. Rørvik 

I januar blir store delar av Noreg og resten av verda smitta av det eg kallar «januarsjuka.»

Fruktmonica2
Det utprega viruset har symptomer som: Ein vel brokkoli og pasta i butikken i staden for Grandiosa, ein får eit stor trang for organisk tørka frukt, ein får eit sug om å vera i fysisk aktivitet i alle fall tre gongar i veka. Sjølvskading i form av nikotinstubbar og flytandeveske som får ein til å gjera uforstålege ting på ein lørdagskveld blir sløyfa. Det blir også sagt at ein får ei lyst om å bli «perfekt.»

Eg er ganske så sikker på at det er ikkje ein nordmann som kan sjå seg sjølv i spegelen og sei til at ein aldri har kjend litt på januarsjuka. Dette viruset har som alle sjukdommar ymse utslag i frå person til person. Nokon blir råka hardt av sjuka, mens hjå andre er den øve i løpete av eit par dagar. Grunne til at eg kallar det januarsjuka er at det helst i januar det ser ut som at denne sjukdommen har høgsesong. Det er i alle fall denne månaden du ser det er kø utanfor SATS og 3t. At ein mann på som ein ser magen kjem 40 cm før resten av kroppne, klær seg i sykeltights og alt for kort t-skjorte kan umogleg vera heilt frisk? Og visst du tilfelldig kikkar ned i handlekorga til ein på Rema, er det langt mindre av korga som er fylt med høgkrabo produkter enn i desember.

Det er tydleg at viruset også har ramma ein rekke arbeidsyrker. Aksjonar som «sykle til jobben» er eit tydleg spor etter januarsjuka. Eg må diverre meddela at det kan sjå ut som journalistar er nokon av dei som er blir hardast råka. Nesten uansett kva avis, blad eller internettside du slår opp på no, finn du lesestoff om korleis du kan eta sunnare, korleis bli i betre fysiks form eller korleis få eit betre liv. Nesten kvar artikkel byrjar med: «I januar skal det skje» og «Få ein ny start i januar.» Kva som gjer at journalistar ser ut til å vera ekstra utsett for januarsjuka har eg diverre ikkje noko svar på. Men det ser heldigvis ut som at allereie i slutten av januar blir dei friske igjen.

For det om store delar av verda ser ut som får januarsjuka kvart år har enda ikkje verdens helse organisasjon gått ut mot noko åtvaring. Litt merkleg med tanke på kva oppstyr det er blitt rundt svineinfluensa, men det er nesten litt godt at ikkje blir hysteri rundt all «sjukdom» her i Noreg.

Stengt for kommentarer.