Heidrar og feirar nynorsken
5. september 2013 12:41 av Joar Hystad
Hordaland, Sogn og Fjordane og Norske Teater skal feira nynorsken med samarbeidsoppsetjinga av ”Ein god dag kjem aldri for tidleg”.
– Nynorsken må visast fram til folket, seier skodespelar Katrine Lunde MacKenzie.
Saman med Randalf Walderhaug, Carl F. Falkenberg, Ole Marius Melhuus, Rannveig Ryeng og Siren Jørgensen skal ho det neste halve året turnera over heile nynorsklandet.
Kulturarv og identitet
Nynorsk har vore diskusjonstema i mange ulike fora dei siste åra. På sentralstyret i Norsk Målungdom sin blogg kan ein mellom anna lesa eit brev som styret sendte til kunnskapsministeren tidlegare i år.
Siren Jørgensen, som spelar ei av hovudrollene i kabareten, trur følgjande om framtida til nynorsken:
– Eg trur den vil vera ein del av språket og opplæringa vår i lang tid framover. Det har med kulturarv og identitet og gjera.
– Brukar humoren bevisst
På onsdag fekk underteikna sjå eit utdrag frå kabareten. Det gjekk fort, det var spenning, raske replikkar og morosame vriar.
– Me brukar humoren bevisst, påpeikar Jørgensen.
Ein anna som brukar humoren bevisst er Are Kalvø. Her kan du lesa ein humoristisk tekst om korleis han vil bli kvitt bokmålet.
– Må ta vare på nynorsken
Humoren kan altså vera eit nyttig hjelpemedel for å ta vare på nynorsken. Denne bloggsida har ikkje vore aktiv på ei stund, men for to år sidan blei den hyppig brukt på barneskular rundt om i Noreg.
– Det kjem stadig fleire språk inn i skulen. Så når ungane får tilbod om å læra tysk, spansk og mandarin, så må òg nynorsken blir teken godt vare på, seier Katrine Lunde MacKenzie, og legg til:
– Dette passar for dei som er 12 år og oppover.
– Men dei som er ni, skal òg få lov til å koma, repliserer Jørgensen.