– Får gåsehud ved tanken
3. juni 2013 17:18 av Marianne Rotihaug
Pstereo festivalen arrangerast i år for sjuande året på rad. Arrangørane meiner det er mange høgdepunkt å glede seg til.
Variasjon har vore ein suksessoppskriftene til Pstereo og dette har arrangørane tenkt til å halde fast ved.
– Vi tilbyr eit breitt spekter av ulike sjangrar på scena og i tillegg har vi pikniken der det er aktivitetar for born og populære konsertar, fortel bookar Kim Aasli i Pstereo.
Frå black metal til piknik
Festivalen har vore innom dei fleste sjangrar når det kjem til kva som blir presentert på scena.
– Vi har vore innom alt frå vise- og folkemusikk til elektronika, rock og black metal, fortel Aasli.
Student Nina Larsen Raaness var for fyrste gong på Pstereo i fjor og det var nettopp programmet som leda ho til Marianen.
– Eg valde å reise på grunn av råbra artistar som Kaizers Orchestra, Den Svenske Bjørnstammen og First Aid Kit, konstaterar ho.
Raaness skal også i år ta turen til Pstereo. I år som i fjor var det artistane, då særskil ein, som fekk ho til å kjøpe billett.
– I år reiser eg på Pstereo for ein einaste grunn, og det er Karpe Diem, seier studenten.
Piknik til folket
I tillegg til musikken kan festivalen lokke med ein gratis pinik.
– Pikniken er vår måte å seie takk for lånet av Marinen, forklarar Aasli.
Arrangementet har vist seg å vere svært populært blant trønderane.
– Det har vore opp mot 6.000 besøkande på dagtid under dette gratisarrangementet, fortel Aasli.
Gåsehudfaktoren
Etterkvart som festivalen har vakse seg større har det blitt viktig for arrangørane å løfte fram lokale talent.
– Kvart år vel ein jury ut seks til åtte lokale band som får moglegheita til å vise seg fram på ei av festivalscenene, understrekar bookaren.
Under årets festival er det mange store namn som skal stå på scena. Aasli meiner det er fleire gode konsertar å sjå fram til.
– Det er tett mellom høgdepunkta i år. Det engelske vandet The xx sitt sceneshow blir heilt fantastisk, svenske Goat sin unike musikk, Phox frå USA, kanadiske Half Moon Run og Emilie Nicolas kjem til å sjarmere, seier Aasli.
I tillegg skal norske Motorpsycho framføre albumet Blissar, noko som sett kjenslene i sving hjå bookaren.
– Eg får gåsehud berre eg tenker på det, fortel han.
Les meir om programmet under årets Pstereo her.
TOPPBILETE: Idyllisk: Marinen i Trondheim skal under Pstereo endrast frå eit vakkert område til festivalarena (Foto: Marianne Rotihaug)