App gjev meir tryggleik
1. februar 2013 12:15 av Sjur Vågen
Med appen DiabetesGuard er diabetikarar berre eit tastetrykk unna eit tryggare liv.
– Me byrjar ikkje med marknadsføring før i februar, men me er veldig nøgd med talet brukarar, fortel Anette Skeie Jakobsen, utan å koma med konkrete tal.
DiabetesGuard, som er meint for diabetikarar og pårørande, har hausta gode kritikkar heile vegen. Med appen er personar med diabetes berre eit tastetrykk unna å varsla pårørande dersom dei får lågt blodsukker.
Nyttig
Generalsekretær i Diabetesforbundet, Bjørnar Allgot, er positiv til appen.
Han presiserer at ein ikkje alltid kan stola på digitale hjelpemiddel, men trur den nye tenesta kan vera til stor hjelp.
Likevel peikar han på at DiabetesGuard ikkje er naudsynt for alle.
– Appen kan vera bra for personar som slit med lågt blodsukker. Også diabetikarar som bur åleine og reiser mykje, kan ha eit godt utbytte, fortel Allgot.
Framgangsmåte: Slik verkar applikasjonen. Foto: Smartcare.no
– Gjev meir tryggleik
Ifylgje gründeren kan nyvinninga vera til god hjelp for personar med sjukdomen.
– Tre til fire legg seg med for høgt blodsukker. Dei er redde for å ikkje merka følinga når dei søv. Tenesta kan gjeva meir tryggleik til diabetikarar, fortel Skeie Jacobsen.
Veldig lurt
Som seksåring fekk Ingeborg Jåstad (40) diabetes. Diabetikaren er gift og har to born, men har sjølv budd fleire år aleine. Ho har ikkje prøvd appen, men tykkjer det høyres bra ut for tryggleiken si skuld.
– Det hender at eg får svært sterke følingar. Då hadde det vore veldig greitt med noko som dette her. Det er også bra for personar som ikkje bur med nokon, slik at pårørande kan verta kontakta.
Fakta om saka