Treningskøyr i januar

1. februar 2013 12:01 av Sjur Vågen 

Nyttårsforsetta driv bergensarane på trening i januar. Treningssentra melder om innmeldingstal opp mot fire gongar høgare enn vanleg.

– Folk melder seg inn heile året, men no er det høgsesong, seier senterleiar for Sprek og blid Danmarks plass, Bente Hatland Knoph.

Januar har i fleire år vore ein månad der treningssentra får fleire medlemmer enn vanleg. Hatland Knoph seier at dei ikkje sit på konkrete tal, men trur det er fleire faktorar som spelar inn på den auka interessa. Ho trur at nyttårsforsetta spelar ei stor rolle.

Dagleg leiar hjå Elixia Laksevåg, Veronica Oestereich, opplev same trend.

– Talet kundar auka dei siste åra, men tilstrømminga har jamna seg ut. Eg trur folk har vorte meir bevisste på ein aktiv kvardag, seier Oestereich.

Droppar av

Båe leiarane opplyser at sjølv om ikkje alle klarar å oppfylla nyttårsforsetta, vel dei fleste å fortsetja.

– Det er alltid noko som droppar ut, men me har eit oppfylgingsopplegg med personlege trenarar som fangar dei opp, opplyser Hatland Knoph.

Oestereich trur at folk ikkje nødvendigvis sluttar med trening sjølv om dei vel å ikkje fornya medlemsskapa.

– Eg trur det kjem veldig an på målsetjingane. Når våren kjem, er det mange som for eksempel har lyst å gjera aktivitetar ute, opplyser Oestereich.

– Løfte til seg sjølv

19 år gamle Sumeya Hassan frå Skien studerer på Universitetet i Bergen. Ho har lenge vurdert å byrja med trening, og er blant dei som slo til rett etter nyttår. Studenten legg ikkje skjul på at nyttårsforsetta var ein medverkande faktor til innmeldinga.

– Eit årsskifte byr på nye mogelegheiter, seier Hassan.

Treningssentra i saka:
• har til saman 15 senter i Bergen og omegn (Sprek og blid har 13. Elixia har to.)
• har gruppetreningar
• har merka ein stor auke i personleg trening

Stengt for kommentarer.