Unggutar satsar på sal av mat på nett

4. juni 2013 12:43 av Joar Hystad 

Er du lei av å saumfara hylle etter hylle etter den rette vara, med skrikande ungar hengande rundt deg? Då bør du lesa dette.

Toppmat.no er det siste innan nettshopping av mat. Frå før av kjenner me blant anna Godtlevert.no og Matfryd.no. Felles for alle er at dei leverer maten rett på døra.

– Me er inspirert av dei andre leverandørane, men vil prøva å laga vår eigen vri, seier styreleiar og gründer i Toppmat, Lasse Smedsvig (bilete nedanfor).

Unggutar i førarsetet
Saman med kameratane Mats Wickmann (24) og Harald Aalvik (24) fekk han ideen om å levera matpakkar heim til folk i november i fjor. Eter planen skal dei køyra ut dei første testpakkane 4. februar.

– Det er mykje arbeid. Me er endå berre i gründerfasen, men har alt byrja og tilsetta seljarar og sjåførar, fortel 21-åringen.

Lokale råvarer
I likskap med Godt levert og Matfryd skal Toppmat levera middagspakkar heim til travle familiar. Men kva vil skilja Toppmat frå dei meir etablerte bedriftene? Lasse Smedsvig hevdar han har svaret.

– Me vil fokusera på skikkelege råvarer. Blant anna hentar me fisk direkte frå ein fiskebåt her i Bergen. Brødet får me frå Godt Brød, som er anerkjend blant bergensarar. Dessutan vil me etter kvart tilby ulike pakkar, retta mot kvar enkelt kunde sitt behov.

Dobbel pris
I Sverige har syskena Niklas og Lina Aronsson gjort stor suksess med Linas matkasse. Kvar måndag levere gigantbedrifta ut 10.000 matkassar i Sverige. I Sverige betalar dei travle barnefamiliane rundt halvparten av det Lasse Smedsvig & Co vil krevja for fem middagar til fire personar.

– Det stemmer, men prisnivået vårt ligg rundt dei andre norske leverandørane. Nordmenn brukar mykje pengar på mat. Viss ein reknar litt på det, vil dette vera ei rimeleg løysing for dei aller fleste, forsikrar den unge gründeren.

Prissamanlikning:

  • Toppmat: Fem middagar til 4 personar: 1295,-
  • Matfryd: Fem middagar til 4 personar: 1295,-
  • Godt levert: Fem middagar til 2 vaksne og 1-3 barn: 1095,-
  • Linas matkasse, Sverige: Fem middagar til 2 vaksne og 2 barn: 660,- (omgj. til NOK)

Det er ikkje teke omsyn til mengde og type mat. Tala er henta frå dei ulike nettsidene.

Stengt for kommentarer.