Har du opplevd dette?
22. januar 2013 16:43 av Marianne Rotihaug
Busselskapet AtB hadde eit rekordår i 2012 med fleire reisande enn nokon gong. Dette skapar utfordringar for kapasiteten.
Ei av dei som har fått merke auken på kroppen er student Kristin Paulsen Skipenes. Ho tek bussen dagleg og fortel om stor pågang på bussane.
– På morgonane og ettermiddagane er det ofte stappfullt på bussane, fortel ho.
Sild i tønne
Skipenes meiner at det ikkje er ein draumesituasjon å stå som sild i tønne tidleg på morgonen.
– Det blir for intimt for min smak, men eg skjønar at ein må forvente seg slikt på bussen i rushtida, uttalar studenten.
Vidare påpeikar Skipenes problemet med at bussane ikkje stoppar på alle haldeplassane.
–Eg har høyrt om fleire folk som har blitt fråkøyrt og difor har mista ulike avtalar, seier ho.
Uaktuelt
Marknadssjef Grethe Opsal i AtB er kjend med situasjonen, og meiner det er uaktuelt at bussane ikkje stoppar på haldeplassane.
– Dette skal ikkje skje og vi jobbar kontinuerleg med å gje kundane våre ei god oppleving. Eg meiner vi har ein god dialog med brukarane, seier Opsahl.
For å kunne halde tritt med den store auken av bussreisande har AtB i løpet av 2012 gått til innkjøp av 20 nye leddbussar.
Les meir om dei nye leddbussane her.
TOPPBILETE: Forlaten: Bussane er så fulle at dei er nøydde til å køyre forbi enkelte haldeplassar.