Humoristisk stolleik

21. januar 2013 16:53 av Marianne Rotihaug 

Torsdag kveld vart kjellaren på Olavs pub fylt til randen av lattermilde menneske.

Om lag 400 personar møtte opp på Stand Up Trondheim sitt fyrste arrangement for året. Dette gav publikumsrekord og strålande fornøgde arrangørar.
– Vi har aldri hatt så mange besøkande på Comedy Night, så dette var veldig moro, fortel tilsett på Olavs Pub, Anita Skaget.

Intim kveld
På grunn av det store oppmøte måtte ein vere tidleg ute skulle ein sikre seg sitjeplass under showet.
– Eg var her ein time før arrangementet starta, men allereie då var det hard kamp om plassane, fortel fyrstegongs vitjande på Comedy Night, Julie Arnestuen.
På tross av eit overfylt lokale der fleire av dei vitjande måtte stå gjennom det to timers lange arrangementet satt lovorda laust i etterkant av showet.
– Sjølv om det vart ein intim kveld er eg glad eg tok turen, oppsummerar Arnestuen.

Kvalitetskomikarar
Heile fem komikarar hadde tatt turen til Olavs Pub denne kvelden. Desse var Viggo Venn, Adam T, Ronny Torsteinsen, Jan Ivar Kjølseth og konferansier Ørjan Burø. Skaget fortel om gode tilbakemeldingar frå komikarane.
– Komikarane var svært fornøgde med showet og spesielt med tanke på oppmøtet, fortel ho.
Publikum var òg tilfreds med kvelden, sjølv om nokre gjorde eit spesielt godt inntrykk.
– Konferansier Ørjan Burø kunne godt hatt sitt eige show, for han leverte så det song, seier Arnestuen.

Stengt for kommentarer.