Med olje i blodet

27. mars 2009 14:03 av Mona Grønningen 

Han har møtt prinsar, sjeikar og presidentar, bergensaren som har bygd opp ein millionformue gjennom jobben i oljeindustrien. Møt Hans Petter Eikeland, ein enkel mann frå Laksevåg.

På terrassen i ei ferieleilegheit  sit Hans Petter Eikeland med ei kald kveldspils i handa. Bak han seglar sola sakte ned i horisonten. Det solbrune andletet vitnar om ein bereist mann. Ikkje mange nordmenn kan nemna så eksotiske arbeidsplassar som Jordan, Egypt, Libanon, Syria, Jemen, Libya eller Saudi Arabia. Han har og reist langs den Persiske Gulfen, Afrika og vore ein del i Asia og Amerika.

–Korleis opplever du det å vera nordmann i utlandet?

–Noreg har gjort mykje bra og vore upartiske. Vi nyt godt av historisk godt rykte i oljeindustrien og i faget. I tillegg har landet vårt utøvd mykje humanitært arbeid i områda. Folk trives med nordmenn, og ser på oss som ærlege og ryddige. Ein seglar litt på det at ein er norsk når ein driv forretningar.

Hans Petter er fødd på Laksevåg i Bergen. Han har halde seg innanfor olja sidan han var 18. Han byrja på dekk, og avslutta som boresjef. Han har vore med å  starta opp to oljeselskap som dei bygde opp frå ingenting til å bli børsnotert – nemlig AGR & Ability Drilling. Han er no dagleg leiar i Ability Drilling, selskapet som fokuserer på oljedrilling på land, og dei jobbar no i Irak.

–Eg er fascinert av kulturar og religionar, og har lært veldig mykje om Midtausten. Eg hadde ein del stereotypiar i hovudet første gong eg reiste ned, men eg har møtt mye interessante og hyggelige folk og endra syn. Eg har fått mange nye venner og forretningsforbindelsar, fortel han med varme i blikket.

Han fortel ein artig historie om første gongen han reiste til Amman i Jordan.–Eg reiste heilt åleine, og var heilt blank. Då eg kom på hotellet stod det ein eldre mann i resepsjonen og glodde på meg. Han såg ut som ein typisk sjølvmordsbombar, med lang kjortel, grått skjegg og Palestina-skjerf. Skikkelig skummel! Eg gjekk store omvegar rundt han for å sjekka inn. Neste dag då eg kom ned stod han der enda og glodde på meg. Det viste seg seinare at denne mannen var ein teskjenkjar som serverte te til gjestene. Så farga var eg av media, ler Hans Petter.

Han kjenner seg heldig, og er takksam for alt han har fått oppleva gjennom jobben. Han har møtt prinsar, sjeikar og presidentar, budd både i palass og i meir beskjedne fasilitetar. Han har til og med hatt den tidlegare visestatsministeren i Jordan og son til Palestinas president på 4 dagars besøk i hytta si på Geilo. –Dei synes det er heilt enormt å sjå kva Noreg har av naturområde. Dei kjem frå ørken og har lite vatn, og sa til meg; “There is a lake everywhere, and in between there is a lake!”. Å sjå snø for første gong synes dei var fantastisk, og dei var med på hundekøyring, elgsafari og aking  i 30 minusgrader. Å komma frå eit liv med tenarar, væpna vakter, bilkortesjar og stort mediefokus til å vera åleine på hytta og måtta laga mat med familien var ei spesiell oppleving for dei. Vi er blitt utruleg gode venner etter dette, smiler han.

Om det er flaks eller dyktigheit, eller ei god blanding – Hans Petter har gjort det godt i livet. Han har investert mykje, i olje spesielt, og er bland anna medeigar i eit oljefelt i Russland. Spennvidda er stor, og han er involvert i alt i frå olje og industri til eigedom og mote. 

–Kva er pengar for deg?

–Pengar for meg er primært ei moglegheit til å sikre framtida til ungane mine. Sekundært er det moglegheita til å betala rekningar. Eg har god råd, men tenkjer ikkje så mykje over det. Eg og Elisabeth har gitt barna våre ein startpakke i etableringsfasen, og eigarinteresser i familieselskapet Eikeland Holding. På papiret er dei millionærar alle saman, men dei merkar ikkje det i kvardagen. Det er greitt å ha ei økonomisk tryggleik, men ein treng ikkje overflod.

–Vil du ha noko å drikke? Kona Elisabeth stikk hovudet ut av terrassedøra.Eg vert omslynga i eit teppe som vern mot solgangsbrisen. Deira omsorg for andre gjer seg tydeleg i fleire samanhengar.Han møtte kona Elisabeth i femtenårsalderen, på familiehytta på Valen i Kvinnherad. Han vart stormforelska, og dei har vore gift i 31 år. Elisabeth vart gravid som 16-åring, og dei har barna Tommy (32), Robert (27) og Ann Kristin (17).

 –Kva er du redd for?

–Eg er redd for ungane mine og kona mi. Ein vil jo berre det beste for dei, og er redd for at det skal skje dei noko. Men eg er ikkje særleg nervøs av meg. Eg ser løysingar der andre ser problem. Eg har reist over heile verda, men eg har aldri møtt på trøbbel, forklarer Hans Petter.Hans Petter fortel at han har hatt ein langtidsplan om å kunna roa ned no etter at han fyller 50. Då vil han leva skikkeleg, og ta familien med på reise. Det var svært viktig for han å kunne byggja ei hytte på Geilo, der familien kunne samlast. Her har alle eige rom, og dei samlast kvar jul, nyttår og påske. 

Valen og Kvinnherad har ein spesiell stad i Hans Petter sitt hjarta. Sidan han var ein knyttneve stor og til han trefte Elisabeth så har Valen vore eit paradis på jord. Der har dei slekt og venner, der høyrer dei til. Derfor er han også stolt av å ha vore med på å byggja opp det unike byggjeprosjektet Valen Brygge – Klubbavikjo.

–Det er gøy å ha vore med på. Det er liksom litt urbant på bygda, og eg trur det er eit unikt byggeprosjekt, seier han. På tross av lite skulegang har eg jobba heile livet og skapt ein familieformue som få greier. Eg angrar på lite. Det er alltid ting ein kan gjera betre neste gong, men livet er ei læringskurve, seier Hans Petter og tek seg ein slurk.

Stengt for kommentarer.