Mørkleggjer Bergen
27. mars 2009 13:26 av Mona Grønningen
Dersom alt vert mørkt rundt deg laurdags kveld, er det ikkje eit straumbrot men ”Earth Hour 2009”.
På laurdag deltar Bergen kommune i verdas største klimaaksjon i regi av World Wide Fund (WWF); ”Earth Hour 2009”. I ein time skal blant anna Rådhuset, Statsarkiva og Bergenhus festning mørkleggjast i ein time for å markera engasjementet for klimaet.
–Vi er glade for at Bergen som landets nest største by deltar i år, seier Ina T. Toften, prosjektleiar for Earth Hour og kommunikasjonsrådgivar i WWF-Norway.
Startet i Sydney
Bergen kommune samarbeider med BKK og andre aktørar om å markere Earth Hour 2009, ein klimaaksjon som starta i Sydney for to år sida. Aksjonen vart global i 2008, og rundt 50 millionar menneske deltok over heile verda. I år er håpet å få med ein milliard menneske.
–Det som skil Earth Hour frå andre typar klimaaksjonar er at det er ei symbolsak. Men symbolsaker kan også vera viktige! Det er ein lavterskelkampanje som samlar klimaengasjerte folk over heile verda. Det slår an i alle tidssoner, på alle språk, blant rik og fattig, forklarar Ina T. Toft.
Målet med ”Earth Hour 2009” er å formidla til politikarar og verdsleiarar at ein vil ha ein ansvarleg klimapolitikk.
–Bergen kommune er med på dette fordi det er ei markering som famnar alle som vil. Vi vil gi eit signal til våre samarbeidspartnarar verda over om vårt engasjement for verdas miljø, seier Lisbeth Iversen, byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen kommune.
Symbolsak
–Vi seier det med eit felles språk og via ei symbolsk handling: vi sløkkjer lyset i ein time. Dette vil gi ei kraftig melding til verdas leiarar om at vi krev handling under FNs klimakonferanse i desember i år. I tillegg håpar vi at kampanjen kan bidra til haldningsendring når det gjeld energiforbruk.
På laurdag skjer det fleire markeringar. Bergen vitensenter VilVite arrangerer førestillinga ”Slukk lyset – tenn håpet” for barn og ungdom, i Landås Kyrkje blir det akustisk konsert med Karoline Krüger og Ebred Reijnen, og i regi av FN-studentane blir det arrangert konsertar med List og Silje Dyngeland i Musikkpaviljongen.
–Vi stiller ingen politiske krav for å delta, alt du treng er å slå av lyset, avsluttar Toften.