Den ultimate jomfruturen
27. mars 2009 12:04 av Therese Soltveit

Bente saman med gutane Bernt Larsen, Ruben Wie og Ole Martin Egge på Anfield Road for fyrste gong.
Øl, raudkledde fans og jublande stemning er noko av det Bente Marit Sæberg (21) forventar når ho skal sjå sitt favorittlag Liverpool på heimebane.
LONDON: Bente Marit Sæberg drog til Liverpool for å sjå fotballkamp som einaste jente saman med seks gutar frå forskjellige kantar av Noregs langstrakte land. Det dei hadde felles var lidenskapen for klubben og Liverpool-ånda i blodet.
Gutane er tydeleg glade for å ha med seg ei jente på turen, sjølv om ho gjer narr av dei, og ironisk nok kallar turen for ein ”jentetur”.
– Bente og jentene på tur, seier Bente Marit og held fram. – Fotball er religion for gutar, men kven seier at det ikkje kan vere det for jenter også?
Då Bente Marit og dei seks gutane Ole Martin, Øystein, Einar, Ruben, Bernt og Sondre møtast i London er stemninga høg. Latteren og diskusjonane høyrest langt ut i gongane på Bayswater Inn Hotel. Spenninga for morgondagens kamp er hovudfaktoren som får ungdomane til å bli høglydte. Gjengen sit nedsunkne i nokre store, brune, eldgamle sofaer og kosar seg med ei kald øl, medan dei deler synspunkt føre kampen. Endeleg skal dei ihuga Liverpool supporterane få sjå heltane sine spele på Anfield Road, heimebanen til dei raudkledde. Liverpool mot Sunderland er kampen dei skal sjå, og alle er utruleg spente på morgondagens kamp.
LIVERPOOL: Timane på tog-turen til Liverpool blir slått ihel med kortspel, og her er det ”idiot” og ”president” som gjeld. Det kryr av andre turistar på toget. Nokre lokale scousera, slik folk frå Liverpool blir kalla på folkemunne, er det, men dei aller fleste er ikledde raude Liverpool-drakter.
–Gutar er kjempelette å vere med, samstundes er dei glad i å ta seg ei øl, nett slik som meg. Derfor er eg med på denne turen. Dette er jo og jomfruturen min til Liverpool og Anfield. Det er rett å slett på tide at eg får sjå laget mitt i aksjon. Min store draum går snart i oppfylling, fortel ei engasjert Bente Marit.
Med store forhåpningar kjem gjengen til Liverpool togstasjon på kampdagen. Gutane er tydelig sletne, medan Bente er småhyper og sprudlande. Då dei stig ut av toget, skuar dei ut over byen som er mest kjend for The Beatles-gutane og Liverpool fotballklubb. Scouserane sin heimby er grå og mursteinbygningar pregar byens utsjånad. Veret er overskya og grått, men heilt klart varmare enn det regntunge bergensveret.
Etter å ha sete i ein gamal, svart taxi som kjørar på feil side er det godt å kome seg til hotellet i Liverpool. Heile gjengen får sjekka inn, og dei finn fort fram supporterdraktene som blir trekt over hovudet i all hast. Deretter ber det avgarde til ”Kop Shop”, supporterbutikken til Liverpool. På under ei halvtime svir alle sju av eit par tusenlappar kvar på drakter og supporterutstyr. Bente Marit føler seg spesielt nøgd med den nye Steven Gerrard-drakta med 8–talet på.
– Steven Gerrard er eit fantastisk forbilde og god representant for klubben. Han og Jamie Carragher er Liverpool-gutar, som er oppdratt i klubben og har Liverpool-ånda i blodet. Derfor er dei favorittspelarane mine heilt utan tvil.
KOP SHOP: Bente og gutane har svidd av tusenlappane sine på Liverpool sin supporterbutikk.
– Anfield Road next please, skrik gjengen då dei hiv seg inn i den svarte gamaldagse taxien. Fjeset til Bente Marit sa alt. Du kunne sjå tårene i auga hennar då ho såg Anfield Road, heimebanen til favorittlaget hennar. Det å kome til Liverpool og sjå Anfield Road, det er berre heilt utruleg, fortel den fotballentusiastiske jenta.
–Eg har drøymt om dette i mange år, og no er eg endeleg her, seier Bente Marit.
Dei lokale Liverpool pubane ”The Albert” og ”The Park” er stamplassar nordmenn og lokale supporterar er på før kampar. Som oftast for å ta seg ei øl og treffe andre Liverpool supporterar. Gjengen stikk sjølvsagt innom desse pubane før kampen. Stemninga er på topp.
Mange barn og ungdomar har allereie samla seg ved spelarinngangen til Liverpool for å prøve å få eit glimt av heltane sine. Køen er lang, og mange har stått i timevis. Overalt er det politimenn og kvinner på enorme hestebeist som patruljerar rundt stadion. Sikkerheita er svært høg.
ANFIELD ROAD: Endeleg opnar dørene seg. Bente og Bernt, dei to ivrigaste, spurtar opp Anfields grå trapper. Filmkameraet er på, og fyrsteinntrykket vert dokumentert.
–Kjensla då du kom inn på Anfield var heilt utruleg, kamera blitza ifrå alle retningar og stemninga var på topp. Me er tidlig ute, og vart blant dei fyrste som kom på stadion, det er kult, fortel dei småhypre og engasjerte Bente og Bernt i kor.
Anfield: Bente Marit og nokre av gutane tidleg ute på stadion. t.h Bernt Larsen, Ruben Wie og Ole Martin Egge.
Sjølv om sitteplassane er høgt oppe, ser dei godt. Anfield er ein intim og liten stadion der ein får med seg alt som skjer. Stadion er mektig, grasmatta grøn som ei sumareng og dei raudkledde er klare for kamp.
Etter kvart som tida går, fyller det seg opp i storstova til Liverpool. The Kop tribunen var nesten heilt raudkledd no. Spelarane trekk seg inn i garderoben. Det er berre eit kvarter til kampen skal byrja. Spenninga er på topp, alle sit forventningsfulle ytst på plaststolen. Dei ventar på å få knipse eit bilete av heltane sine som kjem ut av garderoben.
Kampen blåses i gang og fansen synger songen sin ”You’ll never walk alone”. Stemninga brer seg som eld i tørt gras over Anfield når The Kop synger. Bente og gutane har frysningar nedover føtene og tårene lurar i augekroken.
Liverpool held trykket oppe heile fyrste omgang, og skapar ei rekke halvsjansar. Noko ein lett kan merke på tilskodarane som reisar seg kvart minutt. Rumpene rørar ikkje setene meir enn tretti sekund om gongen. 52 minutt ut i kampen kjem 1-0 målet laga av David Ngog, som spelte sin fyrste kamp frå start på Anfield. Han set ballen i mål frå kloss hold etter forarbeid av spanske Albert Riera og Steven Gerrard.
Bente og gutane hoppar opp og stongar knea sine i setene foran seg i gledesrus. Dei som sit i seta foran, vert litt sjokkerte. Jubelen er ellevill og kneskadane vert raskt gløymd.
Etter 65 minuttar spelt, sørgjer Liverpool sin Yossi Benayoun for 2-0 målet Liverpool verkeleg trengte for å sikre sigeren. Liverpool kontrollerar kampen inn til 2 -0 seier. Då 90 minutt av kampen er spelt, syng The Kop – fansen sjølvsagt ”You’ll never walk alone”, slik tradisjonen tilseier, før dommaren bles i fløyta.
–Kampen tykte eg var veldig spennande – dette må bli ein ny tradisjon! Eg har eit par blåmerke på knea mine som bevisar det.
Begge gongane me scora, hoppa eg opp for å heia, der eg klarte å knuse kneet mitt i setet framfor meg. Det er ikkje så god plass til langbeinte jenter, elles var alt bare supert, flirar fotballjenta Bente Marit.
Gjengen forlèt Anfield i godt humør. Bente fortel at tradisjonane og fansen er kanskje noko av det sterkaste og vakraste med å vere på Anfield.
–Dette er heilt klart mitt livs oppleving og den beste ”jomfruturen” eg nokon gong har vore på. Opplevinga i heilskap var heilt fantastisk. Det er kjekt å reise samen med ein gjeng du nesten ikkje kjenner. Me har jo ei lik interesse, som gjere at me har mange ting til felles. Så det vart lett å verte vener. Gutane på turen var jo kjempekjekke. Det var ein artig gjeng å reise med, fortel Bente, medan ho smiler lurt.
–Riktignok skal det seiast tilslutt: eg var alltid den fyrste som var klar til å gå ut, eg var alltid ferdigpynta og klar. Medan gutane fiksa seg, sat eg nede i baren og venta, der eg tok meg ei øl og to. Vanlegvis pleier det å vere omvendt. Så det synast eg var ganske morosamt, avsluttar ei sleten Bente Marit, idet ho entrar Norwegian-flyet og vender nasetippen heim mot kaldare trakter.
FAKTA OM BYEN OG KLUBBEN:
• Liverpool var i 2008 Europeisk kulturhovudstad. Dei mest kjende bykjendisane er medlemmene av bandet The Beatles.
• Liverpool ligg ved Irskesjøen i den engelske regionen Nordvest-England, omtrent seks mil vest for Manchester i England.
• Liverpool har ca. 440 000 innbyggarar. Innbyggarane kallast liverpudlians eller scousers. Deira dialekt kallast scouse.
• Liverpool Football Club er ein engelsk fotballklubb som speler i Premier League. Klubben vart stifta 15. mars 1892 og vart valt inn i The Football League i 1893.
• «The Reds», som er kallenamnet til Liverpool, speler heimekampane sine på Anfield i Liverpool.
• Liverpools klubbmerke utgjer eit skjold med teksten “Liverpool Football Club”. På skjoldet finnes det en avbildning av en såkalt Liverbird, ein fantasikrysning mellom ei ørn og ein skarv. Liverbird er også symbolet for byen Liverpool.
• Ovenfor skjoldet er teksten “You’ll Never Walk Alone” saman med jernutsmykninga som finnast på toppen av Shankly Gates ved Anfield. Ved sida av skjoldet er det to flammer som symboliserar Hillsborough Memorial, som er ein minneplass utanføre Anfield, satt inn i merket for å hedra dei 96 Liverpool-supporterne som døyde i Hillsborough-tragedien i 1989.
• Nordmenn som har spelt for Liverpool: Stig Inge Bjørnebye, Vegard Heggem, Bjørn Tore Kvamme, Øyvind Leonardsen, Frode Kippe og John Arne Riise.