Kunst mellom to permar

26. mars 2009 18:10 av Åsa Nord 

I går arrangerte biletkunstnar Kurt Johannesen (49) si første boklansering. Kanskje på tide, ettersom boka ”Hendinga” er hans 57. i rekkja.

kurt

Biletkunstnar Kurt Johannesen. Foto: Morten Kvamme

På Landmark i går las Johannesen utdrag og viste bilete frå den nye boka si ”Hendinga”. Den vesle boka er basert på ei lita hending som ikkje varer meir enn 2-3 sekund. Likevel har Johannesen skrive heile 176 sider med bakgrunn i dei sekunda. Og inkludert eit kart som teiknar og forklarar hendingsforløpet.

- Kaosteoriar og kompleksitet fascinerar meg. Boka byggjer på konsekvensane det får når ein stein treff ein finger som er plassert på avtrekkjaren på eit våpen. Alle dei involverte partane har fått fortelje si side av saken i dei 44 avhøyra som boka er delt inn i, fortel Johannesen.

kurt2

Kurt Johannesen las høgt og viste illustrasjonar frå boka under lanseringa på Landmark. Foto: Morten Kvamme

Avhøyr av ein Lippepomade

Dei involverte er blant andre to peikefingrar, to flogar, ein teiknestift, eit luftgevær, nokre steinar, ein lippepomade, to sjokolademuffins, ein kattebæsj med fleire. I eit av avhøyra fortel Lippepomaden med tilsynelatande overnaturlege evner om den opprivande hendinga: ”Anar du kor vanskeleg det er å skru seg sjølv nedover i eit hylster utan hjelp, samstundes som ein er i fritt fall med fare for å mista både jobb, hus og eksistens? Det kan bli litt mykje å ta stilling til på frykteleg kort tid, sjølv for ein som er dedikert.”.

- For kvart avhøyr har eg markert ein kartposisjon, slik at lesaren kan finne ut kven som snakkar.

På eige forlag

Kurt Johannesen er biletkunstnar av yrke. Han er særleg kjend for perfomance prosjekta sine, men han står også bak ei imponerande mengde bokproduksjon. Frå den første boka vart slept i 1984 har talet no kome opp i 57 bøker totalt og alt i mai kjem den neste.

- Eg har gitt ut alle bøkene mine på eige forlag. Nokre av dei sel litt, andre svært lite. Men ei av dei – boka ”Øvingar” frå 1994 har kome i fem opplag og er mi overlegne bestseljar. Den har vore medverkande til at eg går i null med bokproduksjonen min.

Vert ikkje rik

Vi snakkar altså ikkje om nokon Jostein Gaarder-suksess her, ein kan derimot forstå det dit hen at det å skrive skjønnlitterære bøker innan kunstsjangeren ikkje er å satse på om ein drøymer om millionar på konto. Lokalet på Landmark var langt ifrå sprengfullt i går. Faktisk var det ikkje ein gong halvfullt, men dei få som var tilstades såg ut til å kose seg. Tidvise utbrot av høglydt latter understreka dette. Sjølv var kunstnaren nøgd med oppmøtet.

- Eg brukar ha fleir tilskodarar på performanceframsyningane mine. Men folk er nok ikkje like opptekne av boklanseringar. Dessutan har eg nok konkurrert med opninga av Borealisfestivalen i dag. Eg er uansett nøgd eg, avsluttar han

Boka til Kurt er trykka i 700 eksemplar. Ho kan kjøpast via nettsida hans, på Nordli eller hos Bergen Kunstmuseum.

Stengt for kommentarer.