Statoil inviterar til debatt
23. februar 2012 12:45 av CamillaBorg
Statoil gir i år vekk sitt femte musikkstipend. Dette har vist seg å skapa både glede og krangel i band. Statoil ønskjer no å fokusere meir på kultursponsing og byr under by:Larm til debatt.
I januar i år trakk Synne Øverland Knudsen seg frå bandet Team Me. Årsaka skal ha vore politisk uenighet med resten av bandet, som valde å takke ja til Statoilnominasjon, skrives det på db.no.
– Vi respekterer valet Knudsen har tatt. Det har dei siste åra vore ein del saker i media om artistar som er i mot ein del av det vi i Statoil gjer, seier Marius Rosenberg Amundsen, som er sponsoransvarleg for Statoil.
Dagbladet skreiv om Fredrik Olsen frå Kråkesølv og Synne frå Team Me som har kome med negative ytringar om Statoil-stipendet. Amundsen har invitert begge til å delta på kulturdebatten om sponsing av artistar, men dei har begge takka nei.
– Dei vart begge invitert. Vi ønskjer som sagt å fokusere på dette og meinar det er viktig at dei engasjerte innanfor spesielt musikkmiljøet skal få uttale seg, seier Amundsen.
Positivt med kulturstøtte
Kjetil Grønvigh, leiar i Os rockeklubb, meinar det er bra at menneskje og firma her i Noreg vel å dele av sine pengar til kultur og unge talentar.
– Om det står Statoil, Diplom-Is eller Janus Ullundertøy på toppen av sjekken er for meg bankande likegyldig. Det som er viktig er at det må ligge til grunn kva givar ønskjer frå mottakar og motsatt, seier Grønvigh.
Å spela i band og vera artist handlar utelukkande om å finna seg sjølv og eigne uttrykk. Det er her banda må velja om dei vil ha hjelp til å realisera drømmane sine. Ikkje i ettertid bestemma seg for at dei ikkje liker sponsoren sin, fortel Grønvigh.
– Det hjelp å vita at du har råd til å satsa på drømmane dine, men all ære til både Statoil som vel å investera i norsk musikk, og Synne som vel å vera seg sjølv, seier Grønvigh.
Dei har et val
Alle banda som vert nominert til Statoil-stipendet blir spurt om dette er noko dei ønskjer å vær ein del av. Amundsen seier at det mange artistar i pop- og rock-miljøet som har sterke meiningar om dette.
– Eg har respekt for artistar som vel å setta sine meiningar og standpunkt framfor pengar og berømmelse. Eg personleg hadde valt å ta imot stipendet, det er jo ein stor mulegheit for å få fram musikken sin, seier Erik Aasen, gitarist i bandet BoneShakers.
By:Larm har vore arrangert i fleire år. Det er ikkje bare ein festival, men også ein musikkonferanse. Torsdag kl. 16.30 vert debatten om kultursponsing satt i gong.