Let blodet sprute

1. desember 2011 19:20 av Ragnhild Myklemyr 

Norsk film har teke ei ny vending. Basert på ei historie av Jo Nesbø, skal Arme Riddere gje det norske publikum ei unorsk oppleving.

Som ein av årets 40 norske premierefilmar, er Arme Riddere å sjå kinolerret frå 2. desember. Med rekordmange filmproduksjonar kan ein lure på om kvaliteten snart må vike kvantiteten. Innimellom er det likevel gullkorn å skimte, og denne mørke komedien er utvilsomt ein av dei.

Etter at Hodejegerne gjorde stor suksess på kino tidlegare i haust, hever Jo Nesbø sitt namn også forventningane til denne filmen . Før rushet av julefilmar inntek norske kinosalar, serverar produsenten av Fritt Vilt det norske folk ein leiken og grotesk komedie. Arme Riddere let blodet sprutet medan latteren sit laust.

Toppgevinst med komplikasjonar

Den dramatiske forteljinga utspelar seg frå eit heller godarta utgangspunkt: ein toppgevinst i tipping. På ein fabrikk som produserar plastikk-juletre jobbar Oscar (Kyrre Hellum), Thor (Mads Ousdal) Billy (Arthur Berning), og Tresko (Andreas Cappelen). 12 rette sikrar det snodige tippelaget ein sum på 1 739 361 kroner, og problem av tilsvarande storleik. Å dele beløpet på fire byr på uforutsette vanskar, praktisk så vel som mattematisk.

Ein massaker på ei strippebule ved Svinesund, set den tilsynelatande sympatiske Oscar i politiet sitt søkelys. Som einaste overlevande må han utrette for politiet kva som eigentleg skjedde før det smalt. Ei rekke utenkjelege hendingar blir fletta saman i det som verkar å vere ei røverhistorie av ein anna dimensjon.

Tydleg inspirert

Forteljinga hoppar fram og attende i tid, og gjev publikum absurde ledetrådar mot det som skal vere jakta på sanninga.  Med vittige karakterar, og ein saftige dose velplasserte punshlines viser filmen ei god og jevn framdrift. I velkjend Quentin Tarantino-stil, blir det ikkje spart på verken blod eller lause kroppsdelar. Tidvis minner filmen sin dramaturgi mykje om Guy Ritchie sin kjente forteljarstil i Snatch, eller Ulf Malmros sin Smala Sussie om du vil. Det er humor av typen svart og blodig, men presentert bekymringsfritt og leikande. Gløym Twilight og blod i heilbleik vampyrform.

Arme Riddere er en sjangeroverskridende film, av den unorske typen: fri for fjell, fjord og kraftig ullstrikk. Ein film verdt å sjå om du ikkje har noko imot litt raudt søl.

Comments

En kommentar to “Let blodet sprute”

Kommentarlinker

Se hva andre skriver om denne artikkelen...
  1. [...] for dei som vil få med seg premierene. Som ei kalendergave kan du lese anmeldinga av Arme Riddere her. Ingen [...]