– Øydela for oss sjølve

4. februar 2009 13:47 av Therese Soltveit 

Stavangertalentet Thomas Drange (22) synest handball-VM var han livs største oppleving. –Berre synd det fekk ein bitter slutt.

17. desember i fjor vart Thomas Drange teken med i Noreg sin VM tropp. Handball-VM 2009 for menn gjekk av stabelen i Kroatia frå 16. januar til 1. februar 2009. Frankrike vann det gjeve gullet, medan Noreg enda på ein bitter 9. plass. Fyllingen backen hadde sin VM-debut i Noregs fyrste kamp imot Saudi-Arabia der han scora tre mål.

– VM-debuten for meg var slik eg trudde på forhand. Eg fekk ikkje så mykje tid på banen, mest innhopp der eg fekk nokre sjansar til å vise meg. Føler eg klarte meg greitt. Men eg er ikkje heilt nøgd med eigen innsats, den kunne vore betre.

Heilt grusomt
Debutanten er veldig oppgitt over tapet i kvartfinalen mot Polen. Spesielt dumt synes han det var at Noreg rota det til. Tapet mot Polen opplevde tjuetoåringen som heilt grusomt.

– Me øydela for oss sjølve. Personlege feil og dårleg siste sluttminutt øydela i grunn alt for oss. Det var vår eigen feil at me ikkje hamna i semifinalen. Men det er utruleg bittert.

– Polen kampen var den verste kampen eg har opplevd i herrehandball. Det var som om golvet vart revet vekk frå beina mine. Alle var berre skikkelig skuffa og triste. Det var utruleg surt å tape den kampen.

Landslagsspelaren tykkja det var bra at Noreg rista av seg skuffelsen, og klarte å vinne over Slovakia i kampen om niande plassen.

– Me kunne berre ha gitt opp og deppa, men me klarte å spele vidare å vann kampen. I handball vinn me av og til, men nokre gongar tapar man. Men man må spele vidare, slik er dette spelet.

Mediepress
Høgrebacken hugsar best Tyskland-kampen då han kom innpå å scora to mål på rappen.

–Det er eg veldig fornøgd med. Men heilt klart ein god oppleving å ta med seg. Sikkert det største ein handballspelar kan oppleve, uttalar Drange etter ei hard handballtrening med klubblaget sitt Fyllingen.

VM i forhold til andre cupar og turneringar tykkja tjuetoåringen var stort.

– Det er mykje større press frå media og publikum, samstundes er det jo positive ting som større arenaer og betre hallar og utstyr. Ikkje minst er det meir fokus på deg som spelar også.

Comments

2 kommentarer to “– Øydela for oss sjølve”
  1. Therese Soltveit sier:

    sorry for at det ikkje er bilde til saken. men kom ikkje så langt!!!

  2. alikevel en bra sak:)